no
en
Søker ny salgs- og markedsjef

Søker ny salgs- og markedsjef

OPERATIV SALSLEIING | INTERNASJONAL MERKEVARE

 

Plany AS søkjer ein salsorientert og strategisk leiar som vil få det kommersielle totalansvaret for topplinja og lønsomheita i selskapet. Selskapet er i ei spennande vekstfase med eit mål om å styrke marknadsposisjonen ytterligare. Som sals- og marknadssjef vil du få ei nøkkelrolle i vekststrategien, og vil få leie eit team med høg kompetanse og lang erfaring frå bransjen.
 

Vi søkjer deg som har erfaring frå internasjonalt sal, er ambisiøs og trivast med å jobbe i eit lite, hektisk og variert arbeidsmiljø.

Sals- og marknadssjef rapporterer til dagleg leiar.

 

Stillingas hovudoppgåver

  • Oppfølging av kundar og samarbeidspartnarar
  • Ansvar for selskapets sals- og marknadsaktivitetar
  • Leie, støtte, motivere og utvikle salsressursar
  • Utvikling av distribusjonskanalar
  • Utarbeiding av salsmateriell
  • Aktivt jobbe med strategiar innan sal og marknad
  • Forretnings- og strategiutvikling i samråd med dagleg leiar

Kvalifikasjonar

  • Relevant erfaring frå salsleiing og internasjonalt sal
  • Erfaring frå strategiarbeid og forretningsutvikling
  • Må ha svært gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • Fordel med kunnskap om, eller erfaring frå primærnæringar som landbruks-, fiskeri- eller havbruksbransjen

Personlige eigenskaper

  • Kreativ og løysingsorientert
  • Resultatorientert med god gjennomføringsevne
  • Sjølvgåande, initiativrik og positiv
  • Evne til å tilpasse åtferd i forhold til dei ein kommuniserar med


Plany AS tilbyr ei spennande stilling i eit selskap med vekstambisjoner i ei bransje i sterk vekst. Du vil få ein variert kvardag med utbredt nasjonal og internasjonal reising.

Kontorstad vil være Gursken i Sande kommune.

Søknadsfrist: 20. mars, 2018.

 

Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte våre rådgjevarar i Yapril AS, Marius Halvorsen på tlf. 922 95 786 eller Espen Sundgot på tlf. 913 85 786. Alle henvendingar behandlast konfidensielt, om ønskeleg også ovanfor oppdragsgivar.

For å søkje på stillinga, vær vennleg og bruke Yapril sitt elektroniske søknadssystem ved å trykke her.