no
en
Vi skaper lønsame løysingar

Vi skaper lønsame løysingar

Plany AS vart etablert i 1964 som seglmakarverkstad, først og fremst som leverandør til skip og skipsindustrien. I dag kjem dei fleste av kundane våre frå marin og maritim sektor. Dei største marknadane er havbruk, skipsindustri og verftsindustri.
Vår styrke som leverandør til marine og maritime næringar er først og fremst nærleik til kundane og fagmiljøa, og førstehands kunnskap om næringane. Mange av medarbeidarane våre har bakgrunn frå verft, fiskeoppdrett og skipsfart, noko som har gitt oss unik kompetanse på design og produksjon av høg kvalitet til disse marknadene.


LOKALISERING OG KAPASITET

Hovudkontoret vårt ligg i Gursken i Sande kommune, og er dermed godt plassert i høve til viktige kundar og samarbeidande bedrifter, midt i den maritime klynga på Sunnmøre. Vi er også godt etablert som leverandør til den internasjonale marknaden.
Plany AS har i dag utstyr og areal til å handtere betydelege leveransar av tekniske tekstilar. Vi har også eiga reparasjons- og serviceavdeling.

FOU

Plany AS har lang erfaring med utvikling av ny teknologi basert på bruk av tekniske tekstilar til krevjande operasjonar. De-ice presenningar som dekker heile lastedekk på supplybåter, presenningsportar til ROV- og MOB-hangarar, heilpresenningar til lukking av laksemerder før avlusinger og ferskvannsbasseng til laksenæringa er døme på produkt der vi har lukkast.

KVALITET, MILJØ OG HMS

Plany AS leverer tekniske tekstilar til bruk i akvakultur, landbruk og industri. Vi leverer våre produkt og tenester til nasjonale og internasjonale kundar. Vår overordna strategi, målsetjingar og risikovurderingar dannar grunnlaget for våre politikkar med tilhøyrande mål og handlingsplanar.

Les meir her >
 

PERSONVERN

Vi opptrer i henhold til gjeldande regelverk.

Les meir her >


ANTIKORRUPSJON

Plany AS driv si verksemd etter forsvarlege, etiske og sunne forretningsprinsipp og overheld alle lover og reglar når det gjeld antikorrupsjon.

Les meir her >