no
en
Vi søkjer Prosjektleiar

Vi søkjer Prosjektleiar

Prosjektleiar vil vere bedrifta sin representant overfor kunden og vil være involvert i planlegging, organisering og koordinering av leverandørar og samarbeidspartnarar samt økonomisk og kontraktsmessig oppfølging.
Du vil verte ein sentral del av Plany sine systemleveransar til kundar innan akvakultur, skip, verft og industri.
Du vil jobbe tett med administrerande direktør og resten av leiargruppa.


Vi søkjer ein person med solid erfaring frå tverrfaglege prosjekt innan marin/maritim industri eller liknande. Du blir motivert av å levere prosjekt til kunden si tilfredsheit gjennom planmessig og langsiktig arbeid og relasjonsbygging. Den vi ser etter bør fortrinnsvis ha utdanning på høgskule- eller universitetsnivå og erfaring frå kontraktsforhandlingar. Du har gode kommunikasjonsevner, er løysingsorientert og strukturert og skaper gode resultat gjennom og saman med andre.


Kontorstad Ålesund/Haugsbygda eller etter avtale.
 

For nærare opplysningar om stillinga som Prosjektleiar kan du kontakte administrerande direktør Jan Erik Våge Klepp (986 96 040). Send søknad merka «Prosjektleiar» med CV innan 20. februar til post@plany.no