no
en


PLANY AS er sertifisert etter ISO 9001 for kvalitet og ISO 14001 for miljø.
 

 

Kvalitet

Plany skal skape lønsame løysingar gjennom design av produkt og system, tenester og produksjon av høg kvalitet. Våre kundar skal oppleve at vi er til å stole på og at vi innfrir deira krav.
 

For å lykkast i vårt kvalitetsarbeid skal vi:

  • Ha kunden i fokus
  • Ha ein aktiv dialog med kunde
  • Levere til avtalt tid, kvalitet og pris
  • Fokusere på kontinuerleg forbetring og vidareutvikling av produkt, prosessar og tenester gjennom god kommunikasjon, rett kompetanse og tydelege, effektive prosessar og klare ansvarsområder
  • Operere i henhold til gjeldande lovar og reglar

 

 


 

Miljø

Vi skal arbeide kontinuerleg for å redusere miljøpåverknaden og auke miljøprestasjonen i alle ledd i verdikjeda. Dette skal vi gjere ved å førebygge og redusere ressursbruk, utslepp og avfall gjennom risikobasert styring. Ved å halde oss oppdatert på nye og meir miljøvennlege løysingar, skal vi tilby kundane våre meir miljøvennlege alternativ.


For å lykkast i vårt miljøarbeid skal vi:

  • Ha tydelege miljømål basert på miljøaspektanalyse
  • Dyrke miljøbevisstheita og kompetanse i eigen organisasjon
  • Kommunisere vår miljøprestasjon internt og eksternt
  • Nytte framtidsretta og miljøvennleg teknologi i våre produksjonsprosessar
  • Tilfredsstille eksterne lovpålagde og interne miljøkrav

 

 


HMS

I vår bedrift skal vi saman skape eit triveleg og sikkert arbeidsmiljø for alle ansatte. Vi skal beskytte bedrifta sine bygningar og materiell. Vi skal forhindre skadar på ytre miljø, og våre produkt, system og tenester skal ikkje skade brukarane. Desse måla skal vi nå gjennom stadige forbetringar. Både ledelse og ansatte skal delta aktivt i forbetringsarbeidet. Vi skal bruke internkontroll av helse, miljø og sikkerheit for å betre driftsikkerheit og lønsamheit på arbeidsplassen.
 

Vi kommuniserer våre politikkar til interessepartar ved behov eller på førespurnad.