no
en
PLANY Hoppekant

PLANY Hoppekant

TIL KAR MED ULIKE FORMER OG STORLEIKAR

• Standard eller Komfort
• Fleksibel tilpasning
• Betre fiskevelferd
• Reduserer svinn

PLANY Hoppekant hindrar fisken i å hoppe ut av karet. Våre hoppekantar er enkle å tilpasse rundt rør og andre installasjonar på anlegget. PLANY Hoppekant har lang levetid og er enkle å halde reine og skifte ut.
 

PLANY Hoppekant Standard
PLANY Hoppekant Standard er den mest brukte varianten vår. 
Den er effektiv og rimelig og enkel å sette opp og tilpasse.
Hoppekanten er produsert i PVC-belagd polyesterduk, 700/900 g/kvm. 
Nedre kant kan leverast med eller utan nedlogging.
 

PLANY Hoppekant Komfort
PLANY Hoppekant Komfort er laga med ekstra fokus på fiskevelferd. Hoppekanten er derfor utstyrt med god demping for å unngå skader på fisken ved hopping mot kant. Isolasjonsmaterialet kan sammenlignast med sitjeunderlag, og ligg innsveisa i ei lomme i duken. Materialet har lukka celler og trekker derfor minimalt med vatn/kondens.
Hoppekanten er produsert i PVC-belagd polyesterduk, 700/900 g/kvm. 
Nedre kant kan leverast med eller utan nedlogging.
 

Vi leverer også tildekking av gangbaner og område rundt kara. Dette er viktig der det er høge kar og vanskeleg å nå fisk som hoppar ut. 

 

KONTAKT OSS
Ynskjer du eit tilbod frå Plany?
Kontakt salssjef havbruk - eller send oss ei melding på post@plany.no