no
en
PLANY Oxyskjold

PLANY Oxyskjold

STOPPAR LAKSELUS OG IVARETEK MILJØ OG FISKEVELFERD

• Luseskjold med oksygenering frå AGA
• Forsterka for lengre levetid på utsette lokalitetar
• Tilpassa ditt anlegg

Bruk av luseskjold reduserer smittepresset frå lakselus i oppdrettsanlegga, men fører også til redusert vanngjennomstrømming i det skjerma oppdrettsmiljøet. Det kan begrense tilførsel av nytt oksygen. Store svingingar i oksygennivåa ved oppdrettsanlegga kan også vere skadeleg for fisken.

Oxyskjold førebygger påslag av lakselus med ein fysisk barriere, samtidig som tilføring av oksygen ivaretek eit kontrollert miljø for god fiskevelferd og effektiv produksjon.

Oxyskjold overvåkar oksygennivået i merden og tilfører effektivt nytt oksygen ved for lave verdiar. Dette reduserer risiko for fiskedød ved oksygendropp, og sikrar eit oksygennivå som gir betre fiskehelse, appetitt og dermed tilvekst.


KONTAKT OSS
Ynskjer du eit tilbod frå Plany?
Kontakt salssjef havbruk - eller send oss ei melding på post@plany.no




Datablad: PLANY Oxyskjold